heim

i atelier

utstillinger

installasjoner

cv

 

 

 

RETTE LINJER OG ROMLEGE FORESTILLINGER

Solfrid Olette Mortensen

Måleri og installasjon

Hå gamle prestegard

20. okt - 25. nov 2012

Pressemelding ved Ingunn Nord-Varhaug, Hå gamle prestegard

Solfrid Olette Mortensen syner her si første seperatutstilling med måleri. Hausten 2010 byrja ho undersøke klassiske verkemidlar i farge. Når farge blir avsett på ei todimensjonal flate oppstår det med ein gong ein illusjon av rom. Korleis kan ein nærme seg denne problemstillinga på ein aktuell måte? Løysinga blei å lage skisser på ein datamaskin med eit enkelt teikneprogram som raskt kunne skapa uventa og overraskande uttrykk. Deretter starta den tidkrevjande oppmålinga for å overføre og omsette resultatet til lerretet. Målet var å skape kompleksitet gjennom forenkling. Eller var det kanskje tvert om? Det er heile tida rette linjer som påverkar den romlege avlesinga. Det er heile tida fargar, tonar og nyanser som manar fram tilskodaren sine eigne visuelle assosiasjonar.

I andre etasje syner Mortensen installasjonen Vinter. Rette linjer i form av trådar, tett som regn, heng frå taket og let seg svinge i trykket frå vind og vêr mot ytterveggen. Likevekta i løa sin arkitektur blir gjenoppretta i spegelflata som imaginært balanserar dei to fløyane i det store romet. Slik blir verket ein stadspesifikk installasjon som i si enkle form kommenterer både den aktuelle naturen i det forblåste landskapet og tradisjonelle løebygg. Blacklight understreker den aude og kalde stemninga og gir ei særeigen visuell oppleving. Publikum blir og invitert til å gå inn i installasjonen og bli ein del av bildet. Vinter er gjennomført med støtte frå Norsk Kulturråd, Hå gamle prestegard og vener av kunstnaren.

Solfrid Olette Mortensen (1952) bur og arbeider på Lista i Vest-Agder. Ho har mellom anna utdanning frå Bergen Kunsthandverkskole. Ho er innkjøpt av Sørlandets Kunstmuseum og Norsk Kulturråd og har hatt ei rekke ustillinger siden 1983. Mortensen hadde utstilling på Hå gamle prestegard i 1989 med tittelen X3M saman med Marianne Mannsåker og Ragnhild Monsen.